Skip to main content

Inspirasjonssamling om nynorske eksempelbibliotek i Volda

Live-Susann Myklebust Brautaset
Tysdag 8. september vart det arrangert inspirasjonssamling ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsksenteret og Ingeborg Eidsvåg Fredwall (UiA). Over 40 deltakarar frå ulike skular i området deltok på samlinga, der utviklinga av gode skulebibliotek i nynorskområda stod i sentrum.

 

Live-foto
Arrangørane samla i haustsola ved Høgskulen i Volda. Frå venstre: Ingeborg Eidsvåg Fredwall (UiA) saman med Christine Sletta Langeland, Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Jorid Saure frå Nynorsksenteret.

Dagen starta med høgtlesing frå boka Gullfalken av Erna Osland. Vidare vart deltakarane introduserte for kvarandre og inviterte til å dele erfaringar frå eige arbeid med skulebibliotek.

Skulebiblioteket som læringsarena

Ingeborg Eidsvåg Fredwall stod for to faglege innlegg gjennom dagen. I det første, Skulebiblioteket som læringsarena, gav ho eit historisk perspektiv på utviklinga av skulebiblioteket. Ho tok deltakarane med frå dei tidlege lesestovene til dagens skulebibliotek som ein viktig læringsarena i skulen. Innlegget vart følgt opp med gruppearbeid, der deltakarane fekk reflektere over og diskutere korleis skulebiblioteket fungerer som læringsarena ved eigne skular.

Seinare på dagen heldt Fredwall innlegget Den gode bibliotekstimen. Her delte ho konkrete tips og erfaringar om korleis ein kan planleggje og gjennomføre gode bibliotekstimar som fremjar leselyst og læring. Også dette innlegget vart følgt opp med gruppearbeid og erfaringsdeling.

Gode rammer for nynorsk leseglede

Christine Sletta Langeland og Jorid Saure frå Nynorsksenteret bidrog med innspel til korleis skulebiblioteka kan leggje til rette for nynorsk leseglede. Deltakarane fekk presentert fleire ressursar og tips til arbeid med nynorsk litteratur.

Mellom anna vart nettstaden nynorskbok.no, som Nynorsksenteret driftar, trekt fram som ein nyttig ressurs. Her finst aldersinndelte boktips til nynorske bøker som kan engasjere lesarar i ulike aldrar. Mange av bøkene har òg tilhøyrande undervisningsopplegg som både skulebibliotekarar og lærarar kan nytte i arbeidet sitt.

Samlinga gav deltakarane både fagleg påfyll, praktiske tips og høve til å dele erfaringar med andre skulebibliotekarar. Gjennom innlegg og gruppearbeid fekk dei inspirasjon til vidare arbeid med skulebiblioteket som læringsarena og til å styrkje nynorsk leseglede blant elevane.