Litteratur og livsmeistring
Omgrepet har vore diskutert og kritisert, og ein av dei som har vore skeptiske til dette, er Ole Jacob Madsen. I boka Livsmestring på timeplanen. Rett medisin for elevene? (2020) er han opptatt av at livet ikkje lar seg måle og vege som noko ein lukkast med eller ikkje. Det handlar meir om å bli utrusta til å handtere dei oppgåvene og utfordringane som livet bringer med seg. Så kva har litteraturen så å bidra med i denne utrustinga? Korleis kan litteraturen vere med å gi unge lesarar livsmot og motivasjon for å møte utfordringar i livet, både dei dei står i og dei dei vil møte seinare?
Noko av det som skapar leselyst i oss, er det å kjenne seg igjen i andre sine liv. Vi speglar erfaringane våre i det vi les. Oppgåva til litteraturen er både å skape gjenkjenning og stadfesting av eigne erfaringar, men også å gi oss erfaring med det ukjende og ei oppleving av det som er annleis enn oss sjølve. I boka Barn, litteratur og livsmestring. Den skjønnlitterære fortellingens betydning for barns utvikling (2020) har Signy Marie Kværneng Stoltenberg skrive om betydninga litteraturen har når det gjeld barnet si utvikling. Barnet identifiserer seg med hovudpersonen i forteljinga, og leikar med tanken på å vere denne personen. Utforskinga av litteraturen og leiken med forteljinga gir barnet ei forståing av seg sjølv og andre, og dette gir næring til utviklinga hos barnet (Stoltenberg, 2020, s.38). I dette ligg det Stoltenberg kallar ein indre og ein ytre vekst. Litteraturen kan fungere både som ein spegel og som eit vindauge, han gir eit perspektiv innover og eit perspektiv utover. Den indre veksten skjer nettopp i identifikasjonen med hovudpersonane i ei bok. Litteraturen rører ved tankar og følelsar hos den som les, og tilbyr eit rom for indre vekst gjennom distanse. I fiksjonen skjer ikkje det som skjer på ordentleg, og det gjer det mogleg å handtere vanskelege følelsar.
Bøkene om Buffy By er eksempel på litteratur ein kan setje i samband med livsmeisring, då desse tar opp fattigdom som tema. I byrjinga av første boka eksperimenterer Buffy med starten på det som skal bli sjølvbiografien hennar, og slik tar ho grep om det mørke og såre som livet hennar er prega av, og gjer det om til noko grensesprengjande, overskridande, leikent, og ikkje minst talentfylt. Det handlar om å drive ei form for omvendt psykologi; å gjere det negative om til noko positivt – sjå moglegheiter i det som sprang ut av ei begrensing. Det å ta regi på si eiga forteljing handlar òg om å kunne definere kva som er bra og meiningsfylt, og framsnakke det ein har. For Buffy handlar det mellom anna om familiesamhold, humor, overskot, kreativitet og fråværet av skam; å sjå på det ein har i staden for det ein til ei kvar tid manglar. Matboksen blir fylt med frosen blomkål og rosenkål dag etter dag, slikt blir ein sterk av, og slik meistrar ho kvardagen som fattig i rike Noreg. Å kunne kjenne seg igjen i Buffy og oppleve den leikande og kreative krafta hennar kan gi livsmot til lesarar som deler livssituasjonen hennar, men det rustar òg dei lesarane som gjennom Buffy får erfare sider ved liva til andre rundt dei og spegla verdiane deira i hennar.
Både når det gjeld den indre og den ytre veksten er innlevingsevna, det å kunne leve seg inn i andre verder, det sentrale. Vi kan spegle oss i andre sine forteljingar, slik eg har vore inne på, men litteraturen kan også fungere som eit vindauge vi ser verda gjennom og måten vi ser andre på. Gjennom litteraturen øver vi opp det Martha Nussbaum kallar for den narrative førestillingsevna vår. Ho brukar dette omgrepet om evna til å setje seg inn i andre menneske sin livssituasjon. I boka Litteraturens etikk (2020) hevdar ho blant anna at dersom barnet blir fråtatt forteljingane, vil dei også bli fråtatt visse måtar å sjå andre menneske på. Vi kan utvikle empati og respekt for andre menneske gjennom forteljingane, og den narrative førestillingsevna kan vere med å førebu til moralske handlingar med andre menneske
Per Thomas Andersen viser til Nussbaum i boka Forstå fortellinger (2019) når han peikar på tendensar som viser at litteraturen er på vikande front i utdanningssystema våre til fordel for eit meir økonomisk fokus, noko Nussbaum kallar «the silent crisis». Ho bekymrar seg for at utan verdiane i litteraturen og humaniora, vil grunnlaget for eit velfungerande demokrati falle frå kvarandre. I dette ligg det også å kunne inngå i meiningsfulle relasjonar og å kunne handtere ulike meiningsytringar og ueinigheit. Dette er mål som er formulert i LK20. Gjennom litteraturen får elevane «gå i andre sine sko». Barn og unge treng strategiar for å kunne navigere gjennom livet, både når det gjeld forholdet til seg sjølv og forholdet til andre. Derfor er det viktig at dei utviklar førestillingsevna si slik at dei kan sjå håp og moglegheiter i eige liv og i verda omkring. Louise Rosenblatt omtalar betydninga av litteraturen mellom anna slik i boka Literature as Exploration (1995).
«In a turbulent time age, our schools and colleges must prepare the student to meet unprecedented and unpredictable problems. He needs to understand himself; he needs to work out harmonious relationships with other people.»
Rosenblatt skreiv dette for fleire tiår sidan, men turbulensen har ikkje blitt noko mindre i vår tid. Dermed har ikkje litteraturen og formidlinga av han blitt mindre viktig når det gjeld livsmeistring, snarare tvert om.
Denne teksten er basert på kapitlet Litteratur og livsmeistring i boka Skolebiblioteket som læringsarena.
Anne Berit Maurset Varen er ph.d.-stipendiat ved Universitetet i Agder.