Skip to main content

Fagfornyinga, djupnelæring og evna til å stille gode spørsmål

Av Silje Vågen Torbjørnsen
Våren 2019 skreiv eg bacheloroppgåve i Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling. Gjennom studiet las eg mykje litteratur og forsking kring […]

Våren 2019 skreiv eg bacheloroppgåve i Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling. Gjennom studiet las eg mykje litteratur og forsking kring arbeid med informasjonskompetanse, men studiane var mykje retta mot studentar og eldre elevar. Våren 2019 starta Fitjar kommune eit pilotprosjekt der målet er at alle elevar i barneskulen skal ha Chromebook innan 2020. 3B ved Rimbareid skule var ein av pilotklassane. Spørsmålet eg stilte meg, var korleis ein kan arbeide med informasjonskompetanse i småskulen. Og korleis skulebibliotekar og lærar kan arbeide saman om å utvikle elevars informasjonskompetanse.   

Fagfornyelsen (LK20) har fokus på djupnelæring som arbeidsmetode, at elevane gradvis skal utvikle kunnskap og forståing av omgrep, metodar og samanhengar i fag og fagområde. Til det treng ein å kunne stille spørsmål og søke etter svar og ikkje minst utvikle evne til refleksjon og kritisk tenking. Djupnelæring fell saman med informasjonskompetanse.

Amerikanske Carol Kuhlthau har forska på korleis ein kan arbeide med informasjonskompetanse i skulen. Hennar utgangspunkt er at skulen har ei utfordring med å utdanne barn for å leve og arbeide i eit informasjonsrikt teknologisamfunn. Ho peiker på at teknologien gir oss moglegheit til å delta, komme i kontakt med og samarbeide på ein fantastisk ny måte. Men at fordelen med å kunne finne raske svar, gir oss kanskje ein bakdel ved å ikkje tvinge oss til å stille vanskelege spørsmål. Kuhlthau siterer Ian Leslie; «Google makes us all dumber» (Kuhlthau 2015, s.6) og peikar på at skulen treng å tilby elevar moglegheit til å stille djupe spørsmål og lære korleis ein kan søke etter meiningsfull innsikt på dei spørsmåla.

Dagens barn har god teknisk innsikt, men dei manglar evne til å stille gode spørsmål, vurdere informasjonen dei finn på nettet kritisk og bruke informasjonen dei finn på ein god måte.

Arbeidet med å trene barn til å stille spørsmål, utforske informasjon og dele det dei finn med andre, kan starte tidleg, heilt i frå førskulealder, meinar Kuhlthau. Kva alder elevane har, har betydning for kva ein kan krevje av kjeldekritikk. For dei lågaste trinna vil det å finne fakta ha hovudfokus, på høgare trinn kan ein krevje at elevane skal samanlikne kjelder. Men det å fortelje kva kjelde ein har brukt, kan ein trene barn opp til frå barnehagen av.  Til dømes når elevane fortel ei historie om noko dei har høyrt, kan dei vaksne spørje kven som fortalte det eller kor dei høyrde det og slik gjere dei bevisst på å vise til kjelder.

Læraren må arbeide med å formulere opne oppgåver slik at elevane oppnår kunnskapsmål, det å finne fakta er ikkje nok. Det er ikkje slik at elevar ikkje skal tileigne seg faktakunnskap i skulen i dag, men det viser seg at å finne og reprodusere fakta er blitt ein trivialitet i kunnskapssamfunnet og utfordrar ikkje elevane i tilstrekkeleg grad på høgare trinn. Ein må difor dra inn oppgåver som gir elevane trening i å tenke analytisk og å sjå ting i perspektiv.

Kva ein bør forvente av problemstilling, avheng av alder. I dei lågaste klassetrinna vil det å formulere faktaspørsmål og finne svar på dei vere utfordrande nok. Det å samanfatte informasjon ein har innhenta, saman med eigen kunnskap og erfaring til ein eigen tekst, er krevjande. For å hindre avskrift kan det for dei lågaste klassetrinna vere til hjelp å velje ein annan sjanger å presentere arbeidet i enn kjelda ein har brukt. Eit eksempel kan vere å skrive om det ein har lese til eit dikt, ei forteljing ein leksikontekst, ein annonse eller eit avisoppslag (Jansson og Traavik 2014, s.29).

Er det naturleg at lærar og bibliotekar samarbeider kring arbeidet informasjonskompetanse? Ja, meiner Phil Carlsten og van der Kooij (2017, s.5-6). Bibliotekarar har kunnskap om barnelitteratur og informasjonskompetanse, og dette komplementerer lærarane sin kunnskap om pedagogikk og å utdanne elevar innan literacy. Saman kan lærar og skulebibliotekar utfylle kvarandre og i fellesskap ha ansvar for at elevane får eit reelt læringsutbytte.

Ei viktig oppgåve for skulebibliotekar vil vere å hjelpe lærar med å finne fram til ulike teksttypar og kjelder. Skal samarbeidet bli godt, må bibliotekar involverast tidleg i planlegginga. Om ein t.d. må bestille litteratur utanfor eige bibliotek, kan det ta tid.

Ein utdanna skulebibliotekar vil vere ein ressurs i høve til det å kunne rettleie elevar (og lærarar) i høve til søk og innhenting av informasjon. Ved å modellere korleis ein tenker når ein driv kvalitative søk kan dette hjelpe elevane i deira søkearbeid. Ei viktig oppgåve for skulebibliotekar og lærar vil vere å støtte elevane i det undersøkande arbeidet deira, og  seinare trappe ned støtta i det tempo elevane kan makte, og slik fungere som eit stillas for elevane.

Skulebibliotekar har særleg fokus på etisk bruk av kjelder og korleis ein kan arbeide med å vurdere kjelders relevans og truverd. Å tenke kjeldekritisk er noko elevane må få eit bevisst forhold til. Dette må gjennomsyre både nettsøk og bruk av andre kjelder.

Det å utvikle informasjonskompetanse er ein aktiv og pågåande prosess som går over mange år. Forsking har vist at det er viktig å knytte læring av informasjonskompetanse til ei oppgåve, ei interesse eller eit autentisk spørsmål for at den skal gjerast interessant for elevane. Difor bør skulebiblioteka unngå å ha generelle kjeldekritiske kurs for elevane, men heller lære opp elevane i autentiske situasjonar (Limberg 2013, s.182). Opplæringa i informasjonskompetanse må skje «just in time», når elevane har bruk for det, og ikkje lausrive frå oppgåva, «just in case».

Med Fagfornyelsen (LK20) er evna til å kunne stille spørsmål, søke etter svar og kunne reflektere og vere kritisk til informasjon blitt stadig viktigare. Eg ser at mange skular har ein veg å gå før ein har fullbemanna skulebibliotek. Eg ser også at forståinga for kva skulebiblioteket kan bidra med, er mangelfull. Men dersom ein vågar å utnyttar potensialet som ligg i samarbeid mellom lærar og skulebibliotekar, kan ein få til ei god utvikling av informasjonskompetanse som eleven vil få bruk for gjennom heile livet.

Kjelder:

Jansson, B.K. & Traavik, H. (red.). (2014). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget

Kuhlthau, C.C. (2015). Guided inquiry: learning in the 21st century. (2. utgave)

Limberg. L. & Lundh, A. (red). (2013). Skolbibliotekets roller i förändrade landskap :  en forskningsantologi. Lund: BTJ Förlag.

Phil, J., Carlsten T.C. & Skinstad van der Kooij, K. (2017). Teacher and librarian partnership in literacy education in the 21th century. Springer Link

 

Silje Vågen Torbjørnsen er utdanna lærar og skulebibliotekar og er prosjektleiar for «Filtjar les».